Crash

Crash

Tors. 08. des. kl 21.00

Crash Canada 1996 Regi David Cronenberg Manus David Cronenberg etter en roman  av J.G. Ballard Foto Peter Suschitzky Musikk Howard Shore Med James Spader Holly Hunter Debora Kara Unger Rosanna Arquette Elias Koteas 100 min 35 mm Engelsk tale, norsk tekst Utlån NB Aldersgrense 15 år

The marriage of reason and nightmare that has dominated the 20th century has given birth to an ever more ambiguous world. Across the communications landscape move the spectres of sinister technologies and the dreams that money can buy. Thermo-nuclear weapons systems and soft-drink commercials coexist in an overlit realm ruled by advertising and pseudo-events, science and pornography. Over our lives preside the great twin leitmotifs of the 20th century – sex and paranoia.

Etter å ha levd med film i over 100 år byrjar vi no å bli eit blasert publikum. Sett i høve til det samla produksjonsvolumet innan film og fjernsynsmediet, er det særs få ting som provoserer oss. Crash er ein av filmane som klarte å skapa store kontorversar da den kom.

Mykje av årsaken til dette ligg nok i at filmen for det første har dei to hovudingrediensane som oftast bles liv i sensurordskiftet når det gjeld film: Sex og vald. For det andre handlar filmen om folk som skapar ein «sex cult» kring noko dei fleste assosierer med tragedie og død: Bilulykker. Den største seksuelle spenninga i filmen er mellom to menn og plotet er strukturert som i ein soft core film. I tillegg er Crash full av morbid, beksvart humor, t.d gjennom gjenskaping av historisk kjende, fatale bilulykker. Utan å kunne velje, blir vi som tilskodarar, tilbydd å identifisere oss med karakterane i dette universet, noko som unekteleg kan verka urovekkande, serleg om ein føler ein viss identifikasjon. For å forklare dimensjonen av ordskiftet kring filmen, er det også vanskeleg å kome ifrå at slike tema utgjer «godt» avisstoff.

Mange har oppfatta Crash som uttrykk for eit ynskje om å sjokkera og spekulera i kinky sex. Kinosjefen i Oslo meinte til og med at ikkje berre filmen, men publikummet den eventuelt fekk var perverst. Ut frå eit synopsis av filmen kan exploitation skuldingane verka plausibele, men eit tilbakeblikk på den øvre produksjonen til både Cronenberg og mannen bak det litterære forelegget, Ballard, gjer at ein umiddelbart får kjensla av at det er feil ende å gripa tak i filmen frå.

Som ein kan tolka ut av det innleiande sitatet, som er opninga til føreordet i «Crash», hadde Ballard ein langt meir substansiell agenda enn å sjokkera. Som mange andre kunstnarar har han vore oppteken av forskyvinga i balansen mellom fiksjon og røynd, eller liketil byttet av desse omgrepa, eit tema som ikkje minst har vore aktuelt innan filmen. Forfattaren si rolle i denne situasjonen blir, i høve Ballard, å freista finna att røynda. Sidan den ytre verda er så utrygg meiner han den einaste opninga er å lita på den resten av røynd som finnst i hovuda våre.

I feel myself that the writer’s role, his authority and licence to act, have changed radically. I feel that, in a sense, the writer knows nothing any longer. He has no moral stance. He offers the reader the contents of his own head, a set of options and imaginative alternatives.

At slike utsegner som er sitert her skulle tiltrekka ein mann som Cronenberg burde ikkje overraska dei som har den minste kjennskap til den øvrige produksjonen hans. Historia med sitt lukka, framangjorte univers, teknologien si fysiske og psykiske omforming av mennekskja og sjukdom (i vid forstand) som ei form for utvikling er sentrale element i alle filmane hans. Der Ballards og Cronenbergs visjonar kryssar kvarandre er Crash en særs god adapsjon. Som ein Cronenbergproduksjon vil eg påstå det var den beste sidan Tvillingskjebner.

Guri Kulås (Trondheim Filmklubb)