Kroppen min + Utukt

Kroppen min

Tors. 02. feb. kl 18.00

Kroppen min Norge 2002 Regi og manus Margreth Olin Foto Kim Hiorthøy Med Margreth Olin 26 min 35mm Norsk tale, utekstet Utleie NFK Aldersgrense 15 år

Inngang 50 kr, medlemmer gratis!

Margreth Olins fjerde dokumentarfilm er, som dei førre filmane hennar, prega av ein sterk vilje til å seie noko om samfunnet og verda vi lever i. Kroppen min er eit poetisk og nakent sjølvportett av Olin, og ei personleg og nærgåande skildring av kroppsideala dei fleste unge (og eldre) jenter og kvinner møter. Noko som gjer filmens argument spesielt, er at Olin fokuserer på at dette presset kjem frå andre kvinner.

Ho argumenterer for at ”kvinner er kvinner verst”, og gjev eksempel frå sin eigen oppvekst der kritikken mot kroppen og utsjånaden hennar kom både frå eldre slektningar og jamnaldrande venninner. Filmen hennar er samstundes ein hyllest til mannen, eller rettare sagt til dei mennene Olin har møtt, som har gjeve henne kompliment for utsjånaden hennar, og som aldri har vore negative på same måten som kvinner har. 

 Utukt

Utukt Norge 2000 Regi og manus Dag Johan Haugerud Foto Kim Hiorthøy Med Eric Magnusson, Henriette Steenstrup, Martin Lundberg 7 min 35mm Norsk tale, utekstet Utleie NFI Aldersgrense 15 år

En film om en søster og en bror, og hvilke situasjoner som oppstår når frykten for utukt fyller forestillingene våre og gjør oss usikre på hva som faktisk skjer.